59 research outputs found

    Smidig epistemologi

    Get PDF
    Praktiske fag kan somme tider framstå som ein pariakaste ved universiteta. Vitskapsideala som er utvikla over fleire hundre år inneber at det er like viktig å vita korleis me kan vita, som faktisk å vita. Kunnskap skal vera objektiv og etterprøvbar og helst kontekstfri. Praktiske fag vert dregne i eit dilemma mellom vitskaplege ideal og praktisk relevans. Mange profesjonsfag har etter kvart ein rik litteratur om dette problemet, der ein utviklar epistemologiar som er likeverdige med dei konvensjonelle vitskapane, men som tek omsyn til skilnaden mellom fag som skildrar verda og fag som endrar verda. Dette har i liten grad vore drøfta innanfor programutvikling, og her skal me sjå på korleis eksisterande metode og epistemologi frå design kan vera relevant for programutvikling generelt og smidige metodar spesielt. Vidare skal me drøfta korleis denne innsikta er relevant for undervising og vurdering

    Maskinlæring og studentlæring

    Get PDF
    Universitetet og utdanningsprogramma må alltid endra seg etter kvart som verda rundt endrar seg. Rollene i arbeidsmarknaden endrar seg som fylgje av ny teknologi. Kompetansen som studentane treng for å fylla desse rollene er difor ikkje den same som i forrige generasjon. Eit av trendorda er 21st Century Skills. Sjølv om dette ikkje er heilt veldefinert er der ein tydeleg og sentral eigenskap. Dette er kompetanse som maskinene ikkje vil klara å overta. For å granska kva som ligg i dette i praksis, vil denne artikkelen samanlikna maskinlæring med studentlæring, både med tanke på korleis dei lærer og kva dei kan læra

    Ingeniørdannelse. Kva har danning i teknologifag å gjera?

    Get PDF
    Etter rammeplanen for ingeniørfag, er ingeniørdannelse ein viktig del av dataingeniørstudiet. Dette har vore eit utfordrande krav, for kva er eigentleg ingeniørdanning? Der er skrive mykje om danning innanfor didaktikk og utdanningsfilosofi, men knapt noko om ingeniørdanning, som me må venta skal vera noko anna enn den generelle danninga og meir konkret for fagdisiplinen vår. Det er synd dersom fagre visjonar om samfunnsansvar, samarbeid, etikk og respekt for andre fagdisiplinar vert reduserte til ullent formulerte «soft skills». Difor er det verd å søkja eit vitskapleg fundament for det danningsinnhaldet som rammeplanen krev. Dette kan me finna ved å støtta oss til dels på den danningsteoretiske tradisjonen (spesielt Kemp og Humboldt) og til dels på tenkjarar og metodeteoretikarar innanfor vårt eige fag (særleg Simon og Weizenbaum)

    Matematikk er eit pratefag og andre røynsler frå eit omvendt klasserom

    Get PDF
    I emnet Diskret Matematikk har me brukt omvendt klasserom sidan hausten 2013. Førelesingane er tilgjengeleg som videoopptak på ei vevside. medan klasseromstida vert brukt til tovegskommunikasjon og aktiv læring i ein eller annan form. Det kan innebera spørsmål frå studentane, vegleiing, gruppearbeid, diskusjon rundt oppgåver, med meir. Sjølv om me har sett mange positive verknader av dette opplegget, skal ein merkja seg at omvendt klasserom ikkje er noka sølvkule. Den aktive læringa kan leggjast opp på mange ulike måtar, og ikkje alle fungerer like bra. Det har teke to år å nærma seg ein tilfredsstillande form, og me er enno ikkje heilt i mål. Desse røynslene og løysingane skal me utdjupa i artikkelen

    Parallell Slump

    Get PDF
    Slumptalsgenerering er eit av dei mest fundamentale og klassiske problemai informatikk. Der er ei lang rekkje kjende gode slumptalsgeneratorarfor sekvensielle program. Parallell programmering stiller nye krav tilslumptalsgeneratorane, og ulike parallelliseringsparadigme har ulike behov.Når me krev at programmet skal vera deterministisk utelukker me mange avdei vanlegaste løysingane. Trass i at parallellisering av slumptalsgeneratorarhar vore kjend som ei utfordring i 30 år, er der få generelle løysingar iliteraturen. I denne artikkelen gjev me eit overblikk over kjende løysingar ogviser korleis splittbare slumptalsgeneratorar kan brukast til ein deterministisk,dataparellell implementasjon av genetiske algoritmar

    Den tause kunnskapen i IT-studia

    Get PDF
    Michael Polanyi er kjend for omgrepet taus kunnskap. Han viste at me ofte veit meir enn me kan fortelja. Dette ser me tydleg i profesjonsstudia. Studentane treng ein praktisk kompetanse som førelesarane slit med å setja ord på. Denne artikkelen oppsummerer litt av det som har vore skrive om kva taus kunnskap er, kvifor han er taus og korleis han vert formidla. Me argumenterer for at det er den tause kunnskapen som skil menneske frå maskin og dermed er det som studentane våre treng i ein kvar jobb som ikkje snart vert robotisert

    Dypevaluering ava? studentenes læring - - Er fokusgrupper svaret?

    Get PDF
    Med utgangspunkt i en dypevaluering av et emne ved dataingeniørutdanningen ved Høgskolen i Ålesund, diskuterer vi i denne artikkelen hvordan samfunnsvitenskapelige, kvalitative metoder er egnet til å studere og evaluere studentenes læring på en helt annen måte enn de spørreskjemaene som vanligvis brukes ved emneevaluering. Artikkelen hevder at dette gir en formativ evaluering heller enn en retrospektiv, summativ evaluering. Dermed blir fokus på ”quality enhancement” heller enn ”quality assurance”. Vi viser hvordan vi gjennom fokusgrupper med studenter har fått data som er svært nyttige for kvalitetsutviklingsarbeidet både med dette emnet og andre emner i vårt studium

    Quiz for diskusjon og samarbeid i store klasser

    Get PDF
    Quiz er vorte populært som eit middel for å aktivit læring, og for å auka engagementet åt studentane på førelesing. Mange har teke til orde for quiz som eit nytt, innovativt og positivt verkemiddel, men det meste som er skrive tek utgangspunkt i at quiz er quiz, og alle veit kva det er. I denne artikkelen problematiserer med fenomenet, og drøftar ulike måtar å bruka quiz på, med utgangspunkt i ein fallstudie frå eit emne i grunnleggjande matematikk.&nbsp

    Data and knowledge manangement in field studies A case for semantic technologies

    Get PDF
    Ship design is a knowledge-intensive industry. To design safe ship systems for demanding operations, there is an increasing need for comprehensive knowledge of the operational context. Field studies is an important source of relevant knowledge, but current methods and information systems do not realise their full potential. In this paper, we discuss how the field data can be modelled semantically, integrated with relevant domain models, and be more effectively made available to the organisation. We propose a data model and a software architecture to facilitate the collaborative data analysis and modelling process favoured by designers

    The boneh-shaw fingerprinting scheme is better than we thought

    No full text
    With a digital fingerprinting scheme a vendor of digital copies of copyrighted material marks each individual copy with a unique fingerprint. If an illegal copy appears, it can be traced back to one or more guilty pirates, due to this fingerprint. Boneh and Shaw have deviced a classic fingerprinting scheme, and several recent papers have designed improvements. In the present paper we make a new error analysis of Boneh and Shaw’s original scheme, and we prove that it is far better than assumed and in fact better than the improvements in some respects
    corecore